NSD vidareførar Kyrkjedatabasen

Av Kyrre Moe

Etter ynskje frå Kyrkja skal NSD framleis oppdatera og drifta Kyrkjedatabasen med data på soknenivået. I tillegg til at Kyrkjedatabasen vert vidareført, skal NSD etter avtale med Kyrkjerådet søka å maksimera datatilfanget for kyrkjeleg sektor, både når det gjeld kvalitet og kvantitet. NSD skal vidare vera rettleiar og idégenerator for pågåande og framtidige prosjekt, og driva opplæring for sektoren.

Den kyrkjelege tenestestatisikken skal no rapporterast inn i KOSTRA-systemet til SSB. Dei nye tala som kjem inn skal kunne koplast til eksisterande data. 2005-rapporteringa til SSB låg føre midt i juni, og NSD er no i gang med å handsama statistikken.

Det er særskilt to høve som gjer arbeidet med prosjektet utfordrande. For det første er det endringar i skjema for rapporteringa. Ei anna utfordring er det at SSB i KOSTRA publiserer tala sine på fellesrådsnivå (kommunenivå), medan NSD og Kyrkja ynskjer å følgja utviklinga på soknenivået og andre kyrkjelege nivå, m.a. for å unngå brot i tidsseriar.

LINK: NSDs Kyrkjedatabase

Artikkelen er publisert i NSDnytt 3/06.