NSD grafikk
screen_hr.
NSD grafikk
screen_hr.

Helsevanar blant unge (HBSC)

Jenter er misnøgde med eigen kropp

Av Alette Mykkeltvedt og Kyrre Moe

Nesten halvparten av norske tenåringsjenter er misnøgde med eigen kropp. Samtidig viser forsking at det er ein sterk samanheng mellom jenter sitt kroppsbilete og sjølvtilliten deira.

test

Dette er eit av resultata frå den samanliknande undersøkinga Helsevanar blant unge (Health Behaviour in School-aged Children) som i 2001/2002 vart gjennomført i 32 europeiske land i tillegg til USA, Canada og Israel. NSD er databank for undersøkinga på vegner av HEMIL-senteret ved Universitetet i Bergen. I Noreg har 5 000 elevar svart på spørsmål. Når dei norske jentene er 11 år, er det 25 % som synest dei er for tjukke, blant 15-åringane er det heile 43 % av jentene som svarer det same.

– Undersøkinga viser at norske jenter vert meir misnøgde med kroppen sin etterkvart som dei kjem i tenåra, medan det er liten skilnad mellom gutar på 11, 13 og 15 år, fortel Oddrun Samdal, førsteamanuensis ved HEMIL-senteret. Blant gutane er det 20 % som seier dei er misnøgde. Undersøkinga viser at norske ungdomar sitt kroppsbilete er ganske likt gjennomsnittet for dei andre 34 landa som deltek. Jenter er langt meir misnøgde enn gutar, og minst nøgde med kroppen sin er skolebarna i Belgia, Tyskland og Slovenia. Mest nøgde er dei unge i Ukraina og Russland.

Slanke jenter er vellykka jenter?

Oddrun Samdal, som er internasjonal databanksjef for undersøkinga, meiner at jenters misnøye med eigen kropp kan forklarast gjennom motebiletet og media som skaper rollemodellar for jentene.

test

– Ei rådande oppfatning er at vellykka jenter er det same som slanke jenter. Dette er det biletet som vert skapt i media og som vert formidla i dei mange blada som vender seg til tenåringsjenter. Vi ser det også i moten for unge jenter, smale bukser, små toppar og generelt veldig tettsitjande klede som forsterkar den sterke kroppsfokuseringa, seier Samdal. Også gutar vert utsette for kroppsfokusering, men idealet for gutane er ikkje å vere tynnast mogleg:

– Det maskuline imaget er knytt til det å ha musklar og ein barsk kropp. Ei anna årsak til kjønnsskilnadene kan vere at jenter kjem tidlegare i puberteten. Det er nettopp i 11-15 års alderen at dei legg på seg og at kroppane endrar seg, medan gutane kjem i puberteten seinare.

Flest overvektige amerikanarar

Om HBSC

HBSC er ei stor samanliknande helseundersøking blant ungdommar i ei rekkje land. Kortinga er akronym for Health Behaviour in School-aged Children, på norsk oversett til Helsevanar blant unge. Undersøkinga er eit såkalla repetert tverrsnitt som har gått i over 20 år, og vert gjennomført kvart fjerde år. Respondentane er skuleelevar på 11, 13 og 15 år.

Undersøkinga har fleire lag eller nivå av data. Analyseobjektet er som oftast eleven, medan utvala vert trekt på anten klasse- eller skulenivå. Undersøkinga vert brukt av både EU, FN og WHO som grunnlag for deira oversiktsrapportar og tilrådingar for barn og unge si helse. Stadig fleire land ønskjer å ta del i undersøkinga.

I 2005 var det 180 000 elevar i 41 deltakande land. Store delar av Europa er dekka. I tillegg kjem Canada, USA, Israel og nykommar Tyrkia til som deltakande land i HBSC.

Ein del av spørsmåla er faste og skal svarast på av alle elevar i alle landa som tek del. I tillegg kjem friviljuge pakkar som er meint å skulle utdjupa ulike deltema. Det er fokusgrupper med deltakarar frå ulike land som utviklar spørsmåla i tilleggsmodulane. Døme på tema som vert utdjupa er fysisk aktivitet, familietilhøve og risikoåtferd.

I slike store kryssnasjonale studiar vert det stilt strenge krav til både språk og metode. Alle land skal i tillegg til spørjeskjema på eige språk ha ei godkjent engelsk omsetjing. I høve til metode skal utvalstrekkinga godkjennast av ei sentral koordineringsgruppe. Dette vert m.a. gjort for å sikre at kravet til representativitet vert stetta og vidare at populasjonen utvalet vert trekt frå er kjent.

NSD er databankansvarleg for undersøkinga på vegner av HEMIL-senteret ved Universitetet i Bergen.

Overvekt hjå barn er eit stort og veksande problem internasjonalt. Det viser seg at overvekt i barnealder påverkar helsa seinare i livet. Sjansen for å utvikle overvekt i vaksen alder har samanheng med kroppsmasseindeksen ein har som ung, og foreldra sin kroppsmasseindeks. Prosentdelen overvektige barn varierer mellom land og regionar. Resultata frå undersøkinga viser at det er langt færre overvektige barn i Noreg og dei andre skandinaviske landa enn for eksempel i USA og Storbritannia, som har flest. Elles i Europa er det landa i sør, Spania, Portugal, Hellas og Italia, som har flest overvektige barn, landa i aust har færrast.

I følgje Samdal kan skilnader i kosthald og dagleg aktivitet medverka til å forklara dette. I tillegg viser undersøkinga at låg sosioøkonomisk status er relatert til usunne matvanar, mykje stillesitting framfor TV og PC og lite fysisk aktivitet.

– USA er fremste dømet på eit land som er dominert av usunt kosthald og lågt dagleg aktivitetsnivå. Det er ein uheldig kombinasjon av at ungdomar et mykje ”fast food” og vert køyrde alle stadar. I tillegg er det ofte slik at den billegaste maten er den som er mest usunn. At det er blitt fleire overvektige i Sør-Europa skuldast ikkje den tradisjonelle middelhavskosten, tvert imot tyder ting på at grekarar og spanjolar plukkar opp kosthaldsmønstra frå USA, seier Samdal.

Elles er det interessant å merke seg at medan det i Nord- og Mellom-Europa og USA er fleire overvektige i lågare sosiale lag av befolkninga, er det i Aust-Europa i dei høgare sosiale laga at ein finn flest overvektige. Å vere i ”god stand” vert sett på som eit teikn på velstand og god økonomi. Samdal ventar at dette på sikt vil endre seg etter kvart som åtferdstrendar elles i Europa vil gjere seg meir gjeldande i Aust-Europa. Ein av hovudgrunnane til at dei skandinaviske landa kjem godt ut, kan vere at her har det tradisjonelt vore eit sterkt fokus på at ein skal ete regelmessige måltid saman med familien:

– I dei skandinaviske landa har ein meir regulert arbeidstid, og folk går heim for å ete middag i lag. I tillegg har vi i motsetnad til for eksempel i Storbritannia, kor barn og ungdom et mykje usunn mat på skulen, nasjonale retningsliner for kva skulematen skal innehalde. Dette med å vere ute i skog og mark, vere i fysisk aktivitet, ligg som ein del av kulturarven, sjølv om det har endra seg noko i seinare tid, forklarer Samdal.

Gutar er mest overvektige

For dei fleste landa er det store skilnader mellom kjønna når det gjeld overvekt. Det er langt fleire gutar enn jenter som er overvektige. Slik er det også i Noreg. Medan det er 9 % av jentene som vert rekna som overvektige, er det 14 % av gutane.

– Jenter tek kroppsbiletefokuset inn over seg og opplever det som viktigare å vere slank. Jenter fokuserer også meir på sunt kosthald. Det viser seg at jenter et meir frukt og grønsaker enn gutar, og dei drikk mindre brus og et mindre snop. Samstundes er det fleire jenter som hoppar over måltid og som slankar seg, seier Oddrunn Samdal.

Data frå undersøkinga gjennomført i 2001/2002 er tilgjengelege for forsking frå nyttår. Ei ny undersøking som vart gjennomført i 2005/06 vert tilgjengeleg om tre år.

Datakilde: Helseatferd blant ungdom (HBSC)

Artikkelen er publisert i NSDnytt 3/06.