NSD grafikk
screen_hr.

NSDs Kyrkjedatabase

Mange utmeldte i Oslo

Av Kyrre Moe

Data frå Den norske kyrkja er som oftast meir prega av stabilitet enn av dei store endringane. Når det gjeld utmeldingar av kyrkja var likevel 2005 eit annleis år. Særskilt var dette stoda for Oslo bispedøme. Kyrkjefagsjef Inge Westly meiner at den store auken i utmeldingar har si årsak i uroa kring valet av ny biskop dette året.

test

Ein av dei mest nytta variablane som vert underkasta analyse innan kyrkja, er rapporterte inn- og utmeldingar. Her ønskjer vi å sjå på tala for dei som melder seg ut over tid i tre bispedøme, samt dei totale tala.

Det har skjedd noko nær dramatisk når det gjeld utviklinga av utmeldte av Den norske kyrkja. På landsbasis har det vore ein auke på i underkant av 35 % i 2005. Medan tala i 1998 til 2004 berre syner mindre endringar, ser vi ein dobling i talet på utmeldte for Oslo bispedøme i 2005. Dette tyder at det er i Oslo den store endringa skjer. Går vi nedover i hierarkiet hadde m.a. Sofienberg og Sagene sokn ein svært stor auke i talet på utmeldingar. Førstnemnte auka til 59 i 2005 mot 21 året før. Sagene auka frå 12 i 2004 til 51 i 2005. Dei to sokna opplyser at det er lite som tyder på at det var ting eller hendingar innan sokna som førte til den store auken i utmeldingar i 2005. For Bjørgvin og Agder er det også ein auke i talet på utmeldte, men endringane er mykje mindre i omfang. Endringa i dei to bispedøma vi nyttar som kontroll er moderat.

Ei forklaring kan vera den omstridde praksisen kring registrering av inn- og særskilt utmelding av Den norske kyrkja. Det har vorte hevda at registra ikkje er oppdaterte til ei kvar tid, og at personar som meinar seg aktivt utmeldte framleis står som medlemmar i Kyrkja. Men om dette var årsaka kunne vi heller forventa ein meir jamn, landsomfattande utmeldingspraksis. I dette tilfellet er det Oslo som skil seg ut. I følgje kyrkjefagsjefen ved bispedømekontoret i Oslo er den direkte årsaka til den høge utmeldinga i 2005 uroa kring bispedømeskiftet dette året.

Datakilde: NSDs Kyrkjedatabase

Artikkelen er publisert i NSDnytt 3/06.