NSD grafikk
screen_hr.

Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Kvalitetsreform og strykprosent

Av Bjug Bøyum

Kvalitetsreforma i høgre utdanning har vekt debatt dei seinare åra, ikkje minst når det gjeld karaktersetting og strykprosent. Tal frå DBH viser at kvalitetsreforma og tilpassingane til denne truleg har hatt innverknad på strykprosenten. Men den sjølvstendige innverknaden synast mindre enn det kritikarane hevdar, og for dei største institusjonane ser det ut til at nedgang i strykprosent i særlig grad er knytt til inngangsfasen til studia.

test

Kvalitetsreforma, gjennomført i 2003, innebar mellom anna at institusjonane får utteljing per bestått eksamen. Mange har meint at dette, saman med bortfall av ekstern sensor på lågare grads studie, har ført til at institusjonane lar svake studentar stå på eksamen for å få betre utteljing i finansieringsordninga. Undersøkingar, mellom anna utført av NIFU STEP, syner at også eit stort fleirtal av tilsette i sektoren meiner at ein er mindre streng med karaktersettinga i dag enn før kvalitetsreforma.

Ein indikator på dette kan vere strykprosent. Tal frå DBH syner at nedgangen i strykprosent starta før kvalitetsreforma og har vore ein generell trend sidan målingane starta siste halvdel av 90-talet. Nedgangen kan difor ikkje knytast utelukkande til innføringa av reforma.

Reforma kan likevel ha hatt effekt på strykprosenten. Det kan hevdast at kvalitetsreforma kunne ha ein verknad også før 2003, fordi dei største institusjonane kan ha justert undervisningsopplegg under utgreiinga av reforma, i påvente av nye reglar. Den mest markante nedgangen er i perioden 2002-2004, med ein nedgang på to prosentpoeng. Men tala viser óg at endringa i strykprosent flatar ut frå 2004 til 2005.

Går vi meir detaljert inn i talmaterialet, finn vi at nedgangen i strykprosent særleg gjeld universiteta, særskilt UiO og UiB, og dei statlege høgskulane. Vitskaplege høgskular har hatt eit jamt nivå på strykprosent i perioden. Denne ligg markant lågare enn universiteta og syner ein auke i perioden.

Vidare finn vi at det er særleg på det lågaste nivået i utdanningane at endringa har skjedd. Eksempelvis har ex.phil. ved UiO hatt ein nedgang i strykprosent frå 32 % i 2000 til 18 % i 2005. Utslaga ved UiB er enno sterkare, frå eit tilsvarande nivå som UiO, til 8,5 % i 2005.

Dei seinare åra er ex.phil./ex.fak. i større grad bakt inn i andre studieprogram ved universiteta, men talet på eksamenar er så stort at det vil ha merkbar innverknad på gjennomsnittstala for strykprosent ved institusjonane.

Nedgangen i strykprosent er såleis knytt til nedgang i enkeltutdanningar som veg tungt. I tillegg til ex.phil. finn vi ved UiB at særleg jussutdanninga har hatt ein markant nedgang (frå 19 % i 2000 til 8,3 % i 2005) og i mindre grad humaniora og psykologi. Andre fakultet syner mindre endringar.

Ved UiO finn vi at fleire av fakulteta (medisin, odontologi, mat.nat. og teologi) har hatt ein auke i strykprosenten i perioden. HF og SV har hatt nedgang, medan jussfaget har relativt store variasjonar over tid.

Konklusjonen er at kvalitetsreforma har hatt innverknad på strykprosenten. For dei største institusjonane ser det ut til at nedgang i strykprosent i særlig grad er knytt til inngangsfasen til studia.

Datakilde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Artikkelen er publisert i NSDnytt 2/06.