Kyrkja i lokalsamfunnet

Av Kyrre More

Kirkelig monitor er eit samarbeidsprosjekt mellom NSD og Stiftelsen Kirkeforskning. Prosjektet analyserer data for kyrkjeleg sektor på kommunenivået og freistar å avdekka samanhengar innan kyrkja, og i skjeringspunktet mellom kyrkja og samfunnet. Ein nærmar seg dette frå ein kvantitativ ståstad.

Det vert sett saman data frå ei rekkje etablerte kjelder, der det kyrkjelege fellesråd vert nytta som eining. Kvar kommune har eit kyrkjeleg fellesråd. Prosjektet nyttar indikatorar i staden for einskilte variablar for å skildra ulike fenomen. Tanken er at slike samansette variablar er meir robuste uttrykk enn einskiltvariablar. Denne tilnærminga er ny for kyrkjesektoren.

I arbeidet finn vi at materialet høver ganske godt for å skildra ulike kjenneteikn ved einingane. Vi nyttar indikatorane både einskiltvis og saman, alt etter kva samanhengar vi ønskjer å undersøka. Delar av materialet vert nytta for å prøva ut ein teoretisk modell som vi meiner kan seia oss noko generelt om kyrkjesektoren.

Av empiriske funn kan ein nemna:

Meir overraskande funn er:

Materialet lyt tolkast med varsemd. M.a. kan ein tenka seg både samspelseffektar, mellomliggjande og bakomliggjande effektar når indikatorane vert sette saman slik som her. Dessutan kan det alltid stillast spørsmål ved spesifikasjon av modellen ved bruk av tverrsnittdata som her.

Veikskapane til registerdata syner seg best ved at dei ikkje er like lette å manipulera som individuelle data henta frå intervjuundersøkingar. Ei naturleg vidareføring av prosjektet vil difor vera å gjennomføra ei eiga undersøking som kan nyttast i lag med slike registerdata. Tanken er at dei to typane data vil utfylla einannan og bringa ny informasjon til overflata.

LINK: NSDs Kyrkjedatabase

Artikkelen er publisert i NSDnytt 2/06.