NSD grafikk
screen_hr.
NSD grafikk
screen_hr.

European Social Survey (ESS)

Interesserte islendingar — passive portugisarar

Av Atle Jåstad

test

Data frå andre runde av European Social Survey (ESS) viser at det er flest som meiner dei forstår seg på og er interesserte i politikk på Island og færrast i Portugal. Samanlikna med tala frå 2002, ser det ut til at den subjektive politiske kompetansen har auka mest i Hellas, Spania og Irland./p>

For eit demokratisk regime er det naudsynt at borgarane engasjerer seg. Politisk engasjerte og kompetente borgarar er viktig for at demokratia skal utvikla seg i rett retning. Likevel er det eit faktum at langt frå alle borgarane er like interesserte i politikk, og heller ikkje kunnskapane om politikk er jamt fordelt.

Me har sett litt på om det finst skilnader mellom landa med omsyn til subjektiv politisk kompetanse. For å måla omgrepet ”subjektiv politisk kompetanse”, har me nytta tre spørsmål frå undersøkinga:

test

Her ber ein respondenten om å vurdera seg sjølv med omsyn til politisk interesse og kunnskap om politiske saker og prosessar. Ved å kombinera desse spørsmåla, kan me skaffa oss eit målbart uttrykk for den subjektive politiske kompetansen til respondenten (Cronbach’s alpha = 0,68). Me køyrer ein faktoranalyse og lagrar faktorskåren for kvar respondent. Deretter tek me gjennomsnittet for denne variabelen for kvart land. Positiv verdi viser at borgarane samla sett meiner å ha nokså høg subjektiv politisk kompetanse, medan negativ verdi syner at borgarane har låg subjektiv politisk kompetanse.

Figuren viser at Island og Danmark merkjer seg ut ved å ha borgarar med gjennomsnittleg høg subjektiv politisk kompetanse. I den andre enden av skalaen blir merksemda naturleg nok dregen mot Portugal, som har den desidert lågaste gjennomsnittlege subjektive politiske kompetansen.

European Social Survey

Første runde av European Social Survey (ESS) ble gjennomført i 2002 med 22 deltakerland. NSD publiserte nyleg data frå Runde 2 av denne komparative samfunnsundersøkinga. Data frå 2002 og 2004 finn ein på ESS sine nettsider. Med Runde 2 femner no datasettet om 24 land. Alt er fritt og gratis tilgjengeleg på ess.nsd.uib.no.

Også for undersøkinga i 2002, er det råd å konstruera variabelen subjektiv politisk kompetanse. Dette opnar for at me kan undersøkja korleis utviklinga har vore mellom desse to tidspunkta. Kartet syner at utviklinga har vore positiv i Spania og Belgia, to land som kjem nokså langt ned på lista i 2004. Blant jumboane på lista, Portugal, Frankrike og Tsjekkia, har utviklinga derimot vore negativ.

 

Datakilde: European Social Survey (ESS)

Artikkelen er publisert i NSDnytt 2/06.