Valgdata

Celius

Celius for Windows, versjon 8.0, er no oppdatert med dei endelege resultata frå stortingsog sametingsvalet 2005. Programmet gjer det enkelt å tileigna seg kunnskap om ulike valordningar og deira politiske konsekvensar.

Med Celius kan ein undersøkja kva effekt dei ulike reglane i valordninga har for samansetjinga av Stortinget. Ein kan også nytta data frå meiningsmålingar til fortløpande å estimera samansetjinga av Stortinget. I tillegg er Celius eit oppslagsverk om val og valordningar. Programmet inneheld mellom anna valresultata frå alle stortingsvala etter krigen, samt ein god del andre valresultat. Valordninga har i det siste endra seg på fleire punkt, både ved kommuneval og stortingsval.

I den nye versjonen av Celius er det teke høgd for alle desse endringane. Programmet er utvikla av Bernt Aardal, Institutt for samfunnsforskning, og vert distribuert av NSD. www.nsd.uib.no/celius

LINK: CELIUS

Artikkelen er publisert i NSDnytt 1/06.