Unge er meir interessert i politikk

Den politiske interessa er stigande blant dagens unge. Særleg jenter ser ut til å vere meir engasjerte enn før.

Det viser tal frå skulevalsundersøkingane. Til hausten går det 15. skulevalet av stabelen, kort tid før kommune- og fylkestingsvalet 14. september. Rundt 140 000 elevar er venta å ta del i valet, som ofte gir ein peikepinn på kven som vil gjere det godt i ordinære val.

Parallelt med skulevalet blir den årlege valundersøkinga gjennomført. Den måler mellom anna den politiske interessa blant deltakarane. Ein gjennomgang av tala frå det første skulevalet i 1989 fram til stortingsvalet i 2013 tyder på at den politiske interessa er stigande. Skulevalsundersøkinga viser også at avstanden mellom gutar og jenter minkar – jentene nærmar seg gutane i politisk interesse.

- Det er lite som tyder på at alt var betre før, dersom det er politisk interesse blant ungdommen ein talar om. Etter ein periode med minkande politisk interesse på nittitalet, ser det tvert om ut til at interessa er stigande, seier spesialrådgivar ved NSD, Atle Jåstad. Det er NSD som har ansvaret for gjennomføringa av skulevala, på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

- Skulevala er ein heilt konkret måte å lære om samfunn og demokrati på der elevane sjølv er deltakarane. Ved å gjere lærestoffet evande på denne måten, håper vi å styrke det politiske engasjementet. Skulevala er i tillegg ein arena der ungdomspolitikarane, mange av dei framtidige politikarar, får øvd seg i debattar og valkamp, seier Jåstad.

Prosentdel "Svært interessert" + "Nokså interessert"

  Gutar Jenter
1989 44 36
1991 33 23
1993 27 22
1994 41 30
1995 25 18
1997 28 21
1999 24 19
2001 26 21
2003 25 20
2005 30 25
2007 25 22
2009 45 39
2011 40 37
2013 45 42

I skulevalundersøkingane har elevane i alle år svart på spørsmålet: Kor interessert er du i politikk? Elevane har måtta velja mellom «svært interessert, «nokså interessert», «ikkje særleg interessert» eller «ikkje interessert i det heile».

 

Om skuleval

Skuleval er ei form for prøveval som blir halde ved vidaregåande skular i samband med andre val, som lokalval, stortingsval eller folkerøystingar. Vala er meint å vekkja politisk interesse og engasjement blant ungdom og læra dei noko om den demokratiske prosessen. Vala spelar ei sentral rolle i det valførebuande arbeidet til skulane, og dei er ein viktig del av valkampen til dei partipolitiske ungdomsorganisasjonane.

Om NSD

NSD har eit nasjonalt ansvar for arkivere forskingsdata og andre sentrale tenester for forskingsmiljøa. Sidan 1989 har NSD vore ansvarleg for avviklinga av skuleval i Noreg.