ISSP-undersøking 2009

Spørjeundersøking om Sosial ulikskap

The International Social Survey Programme si undersøking i 2009 var ”Social Inequality”, som dette året vart gjennomført for fjerde gong. Noreg har teke del i to av dei tre tidlegare undersøkingane (1992 og 1999), og Sosial ulikskap føyer seg dermed inn blant ISSP sine undersøkingar der vi har tidsseriar frå Noreg over ca. 20 år.

Til vanleg publiserer NSD dei norske utgåvene av ISSP undersøkingane i perioden mars-juni året etter datainnsamling. Vi må dessverre melde at organisasjonen som har samla inn data til 2009 undersøkinga er sterkt forsinka med ferdigstillinga. NSD beklagar dette, og ber forskarar og andre som ventar på denne undersøkinga om å sende ein e-post til issp@nsd.uib.no. Dei som gjer dette vil få melding straks data og dokumentasjon er tilgjengelege for nedlasting frå NSD sine nettsider.