NSD - Norsk senter for forskningsdata | NSD - Norsk senter for forskningsdata

Rekordpåmelding til Skuleval

Illustrasjon Skolevalg - Valgurne

To veker før årets skuleval arrangerast er meir enn 192 000 elevar ved 385 skular meldt på. Det er ny rekord.

Framleis er det mogleg for skulane å melde seg på, og ein kan derfor vente at det endelege talet vert endå høgare.

Skulevalet blir arrangert 4. og 5. september, og resultata blir publiserte kl. 19.00 den 5. september. Saman med NRK og dataselskapet IBM arrangerte NSD det første nasjonale skulevalet tilbake i 1989, og årets val blir såleis det 16. i rekka.

Parallelt med skulevalet blir også ei valundersøking gjennomført. Dette er ei landsdekkande spørjeundersøking blant skuleungdommen, som har blitt gjennomført ved kvart val sidan starten på dei nasjonale skulevala i 1989.

Les meir om valet på nsd.no/skolevalg, og sjå oversikt over påmelde skular på http://www.samfunnsveven.no/skolevalg/pameldt/liste?aar=2017.

NSD arrangerer skulevalet på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

Andre artikler

© NSD - Norsk senter for forskningsdata • Kontakt NSDWebredaktør: Njord V. SvendsenPersonvern og informasjonskapsler (cookies)