NSD - Norsk senter for forskningsdata | NSD - Norsk senter for forskningsdata

NSDNytt: Opning for nordisk forsking

EUs nye personvernlovgiving kan føre til styrka nordisk samarbeid.

Det er målet med eit norsk initiativ, med NSD i spissen, som tar sikte på å bidra til betre nordisk samordning av lover og reglar for bruk av persondata i forsking. Les om dette og andre saker i NSDnytt nr. 1 2017.

Bestill gratisabonnement - send epost til nsdnytt@nsd.no med navn og adresse.

– Ei nordisk samordning kan gjere det lettare å dele data i Norden, også registerdata. Samstundes kan vi sørgje for at vi unngår utvatning av vilkåra som forskarane er gitt. I sum kan det skape meir forsking på tvers av landegrenser, seier avdelingsdirektør ved NSD, Vigdis Kvalheim, i siste utgåve av NSDNytt.

EUs nye forordning for personvern blir gjeldande frå 25. mai 2018 og vil legge føringar på korleis personopplysningar kan brukast i forsking.

– Med dette har dei nordiske landa ei opning for å samordne regelverk og praksis, seier Kvalheim.

 



Andre artikler

Kontakt

Njord Svendsen
njord.svendsen@nsd.no
Tlf 55 58 21 16 - 932 83 777

© NSD - Norsk senter for forskningsdata • Kontakt NSDWebredaktør: Njord V. SvendsenPersonvern og informasjonskapsler (cookies)