NSD - Norsk senter for forskningsdata | NSD - Norsk senter for forskningsdata

CESSDA får ny direktør

Bilde av Ron Dekker

Ron Dekker begynner i stillinga som direktør for CESSDA (Consortium of European Social Science Data Archives) 1. mars.

CESSDA er den felleseuropeiske datainfrastrukturen for samfunnsvitskap og har hovudkontor i Bergen.

Dekker er samfunnsøkonom av utdanning og har ei lang karriere bak seg der han har arbeidd med forskingsdata og datahandtering. Han kjem til CESSDA frå ei stilling i DG Research and Innovation i Europakommisjonen. Han er også knytt til det nederlandske forskingsrådet og har mellom anna jobba i forskingsdepartementet i Nederland.

– Eg kjenner meg trygg på at Ron Dekker vil løfte CESSDA til neste nivå. Han har solid bakgrunn frå europeisk vitskap og innovasjon i tillegg til eit stort nettverk, seier styreleiar i CESSDA, Bjørn Henrichsen.

Dekker startar i jobben 1. mars.

Ron Dekker becomes CESSDA's new director

 

Andre artikler

Kontakt

Bjørn Henrichsen
Telefon: 55 58 21 18
bjorn.henrichsen@nsd.no

© NSD - Norsk senter for forskningsdata • Kontakt NSDWebredaktør: Njord V. SvendsenPersonvern og informasjonskapsler (cookies)