NSD - Norsk senter for forskningsdata | NSD - Norsk senter for forskningsdata

ESS rundar hundre tusen

Illustration: ESS Europe

European Social Survey (ESS), som blir tilrettelagt av NSD, har no meir enn hundre tusen brukarar.

Milepælen for ESS vart nådd rett før jul 2016, og det kjem ikkje til å stoppe der. Ein månad seinare, 18. januar 2017, hadde 101 365 personar registrert seg for å ta i bruk data frå den store europeiske samfunnsundersøkinga. Det er meir enn 20 000 fleire enn på same tid i fjor.

NSD lagrar, legg til rette og formidlar data frå ESS, og driv også den offisielle nettstaden.

– Dei stadig fleire som oppdagar og brukar ESS stadfestar verdien av det store arbeidet ESS-teamet hos NSD har lagt ned gjennom mange år, seier seksjonsleiar Kirstine Kolsrud.

Den største gruppa av brukarar, vel 10 000, høyrer heime i Tyskland. Noreg er nummer sju på lista med godt og vel 5200 brukarar. Elles har forskarar og studentar frå heile kloden, frå Belgia til Bangladesh registrert seg. Også media, organisasjonar og statsbyråkrati i ulike nasjonar brukar data frå ESS.

ESS er blitt gjennomført annakvart år sidan 2002. I desse dagar blir runde 8 gjennomført med 25 deltakande land. Første utgåve av data frå ESS8 vil vere tilgjengelege i oktober 2017. I ESS-bibliografien finst i dag ca. 2700 publikasjonar.

– Noko av det som gjer ESS så bra, er at intervjua blir gjentatt i svært mange land og med mange like spørsmål frå runde til runde. På den måten kan vi følgje problemstillingar over tid, sa NSDnytt i 2016, der ESS var tema.

Brukarstatistikk for ESS

Andre artikler

Kontakt

Kirstine Kolsrud
Telefon 55 58 98 25
kirstine.kolsrud@nsd.no

© NSD - Norsk senter for forskningsdata • Kontakt NSDPersonvern og informasjonskapsler (cookies)