NSD - Norsk senter for forskningsdata | NSD - Norsk senter for forskningsdata

Skuleval styrkar demokratiet

Portrett av Julie Borge

Å røyste ved skuleval gjer elevane meir positive til å røyste ved ordinære val.

Det har blitt halde skuleval på nasjonalt nivå i Noreg sidan 1989, sidan starten med NSD som arrangør. Likevel finst det lite akademisk forsking på desse vala. Det har Julie Ane Ødegaard Borge gjort noko med: I november disputerte ho for doktoravhandlinga Creating Democratic Citizens? An Analysis of Mock Elections as Political Education in School ved Universitetet i Bergen.

– Forskinga mi hadde ikkje vore mogleg utan NSDs unike datamateriale, seier Borge.

Det er ikkje berre i Noreg at skulevala er lite forska på. Sjølv om både Danmark, Sverige og Litauen arrangerer skuleval i ulike former, er det lite studert også internasjonalt.

– Verdi i seg sjølv

Borge har i avhandlinga si sett på kva rolle skulevala har i å fremje politisk deltaking blant elevar.

– Eit viktig mål for skulevala er å auke elevane sin politiske kompetanse og interesse, for på denne måten få fleire førstegongsveljarar til å røyste. Kva fann du?

– Eg såg på om elevane som har røysterett ved ordinære val har tenkt å bruke denne retten – vi kan ikkje vite om dei faktisk brukte den. Resultatet var tydeleg: Elevar som røysta ved skulevalet var langt meir villige til å røyste ved stortings- eller lokalvalet same år enn dei elevane som ikkje gjorde det.

– Skulevala er ei simulering som gir elevane praktisk erfaring med valprosessen. Det å legge stemmesetelen i valurna har ein verdi i seg sjølv. Å røyste blir ei norm, som gir auka deltaking i framtida. Men det gir òg resultat her og no i form av eit faktisk valresultat.

Underhaldning skapar engasjement

– Men det å vere til stades under skuledebatten ser ikkje ut til å gjere det meir sannsynleg at ein stemmer ved ordinære val?

– Nei, det ser ikkje slik ut, men her treng vi meir forsking før vi kan konkludere. Eit problem med skuledebattane kan vere at elevane ikkje kjenner seg att i politikarane: Ungdomspolitikarane er eldre enn dei, dei snakkar om tema som ikkje angår elevane, og kan ofte virke useriøse. Dei elevane eg intervjua etterlyste meir saklege debattar om tema som er viktig for elevane. Sjølv om til dømes Schengen-avtalen er eit sentralt politisk spørsmål, engasjerer det ikkje akkurat ungdommen.

– Betyr det at elevane vil ha meir sak og mindre show?

– Kanskje, men ikkje nødvendigvis. I Danmark pyntar dei til fest på skulane når resultata frå valet kjem. Dei gjer noko meir ut av det. Ein skal ikkje vere redd for å lage underhaldning av val og demokrati – det skapar berre engasjement!

- Det er framleis lågare deltaking blant førstegongsveljarar enn resten av folket ved val. Er det grunn til å tru at valdeltakinga blant førstegongsveljarar ville vore endå lågare dersom vi ikkje hadde hatt ein lang tradisjon for skuleval?

- Skulevala som politisk utdanning gir motivasjon til å delta i val vidare som ei norm – valdeltaking er noko som er forventa av deg og noko som «alle» gjer. Survey-analysen syner ein samanheng mellom det å ha røysta ved skulevalet og intensjonen om å røyste ved ordinære val for førstegongsveljarar. Så er det eit spørsmål om intensjon blir til faktisk valdeltaking, noko datamaterialet ikkje seier noko om.

Ikkje i læreplanen

– Du finn òg at mange elevar røystar rett og slett fordi det er ei oppgåve dei får. Dei kjem på skulen om morgonen og får beskjed om å gå til biblioteket eller gymsalen for å gi si stemme. Står ein ikkje då i fare for å misse eventuell viktig kritikk av det politiske systemet? ­

– Jo. Eit problem er at skulevalet ofte blir ei separat handling, som ikkje integrerast i undervisninga. Skulevalet er ikkje ein del av læreplanen, i motsetnad til det meste anna. Det gjer at lærerane ikkje har så mykje tid å sette av til valet, anna enn sjølve debatten, valtorget, og røystinga.

– Det er òg ein praktisk grunn til det: Skulevalet kjem alltid tidleg i skuleåret. Ein har knapt kome i gang med undervisninga før det er debattar og valtorg. Faren er at ein ikkje maktar å gjere skulevalet til ein større del av demokratiundervisninga i skulen. I staden oppstår det eit skilje mellom undervisninga og sjølve valet. Det vert viktigare å støtte systemet gjennom å røyste, utan at ein får tid til å spørje kvifor ein bør røyste.

- Du skriv at skulevala i dag i hovudsak er ein "topp-ned"-prosess som utdannar elevane med tanke på framtida heller enn her og no. Korleis kan skulevala betre dyrke elevane sin politiske identitet i notida?

– Eit konkret element av skulevalet som kan løftast fram i denne samanhengen er til dømes resultata. Mange elevar fortel at dei ikkje har noko forhold til kor vidt det “kjem noko ut av“ røystene dei gir. – Ein må ha eit kritisk blikk på gjennomføringa av skulevala og korleis dette inngår i undervisninga. Men vi treng meir forsking. Vi veit ikkje så mykje om kva som blir formidla i klasserommet rundt skulevala, og det er diverre heller ikkje noko forsking på korleis lærerane oppfattar si rolle i og rundt skulevala.

Les heile avhandlinga til Ødegaard Borge her: "Creating Democratic Citizens? An analysis of Mock Elections as Political Education in School"

Andre artikler

Kontakt

Håkon J. Tranvåg
hakon.tranvag@nsd.no
Telefon: 55 58 20 43

© NSD - Norsk senter for forskningsdata • Kontakt NSDWebredaktør: Njord V. SvendsenPersonvern og informasjonskapsler (cookies)