NSD - Norsk senter for forskningsdata | NSD - Norsk senter for forskningsdata

Fleire meiner familie går utover jobb

Grafikk - Fleire meiner familie går utover jobb

Færre føler jobben går utover familielivet – fleire føler familielivet går utover jobben.

Det går fram av ei ny intervjuundersøking frå NSD, som er del av siste runde i International Social Survey Programme (ISSP). Ei rekke spørsmål om arbeidsforhold og haldningar til arbeid vart i 2015 stilt til 1550 norske respondentar.

På spørsmål om «familielivets krav» går utover jobben svarar dobbelt så mange (4 prosent) i dag som i 2005 at det skjer «ofte» eller «alltid» (2 prosent). Litt færre enn før gir derimot uttrykk for at jobben går utover familielivet.

For majoriteten – seks av ti (60 prosent) prosent – går familielivet «sjeldan» eller «aldri» utover jobben. Det er vesentleg færre enn i 2005 då åtte av ti (80 prosent) gav uttrykk for det same.

Meir fridom

På spørsmål om kven som bestemmer arbeidstida svarar fire av ti (43 prosent) i 2015 at arbeidsgivar bestemmer. I 1997 svarte halvparten (49 prosent) det same. I 2005 var talet 45 prosent.

Ein litt større del enn før meiner dei «står fritt til å organisere det daglege arbeidet». I dag meiner 23 prosent at dei «står fritt», medan 21 prosent meinte det same i 2005. Færre føler at de ikkje står fritt: 19 prosent i dag mot 23 prosent i 2005.

Trygg på jobben

Vi er også mindre uroleg for jobbane våre enn tidlegare: Tre av fire oppfattar jobben sin som trygg. I 2015 sa 74 prosent seg «sterkt enig» eller «enig» i at «min jobb er trygg». Tilsvarande tal i 2005 var 61 prosent. I 1997 var talet 69 prosent, medan 63 prosent var trygge på jobben i 1989.

– Funna kan samla sett tyde på at jobben er blitt viktigare for folk, Knut Kalgraff Skjåk.

ISSP gjennomfører undersøkingar i opptil 45 land og gir forskarar høve til å studere Noreg i eit globalt perspektiv. Tema varierer frå år til år. Blant desse er undersøkingar om familie og kjønnsroller, nasjonal identitet, sosial ulikskap og religion. NSD gjennomfører undersøkingane i Noreg.

LAST NED DATASETTA HER >>

Andre artikler

Kontakt

Knut Kalgraff Skjak
Telefon: 55 58 32 46
knut.skjak@nsd.no

© NSD - Norsk senter for forskningsdata • Kontakt NSDPersonvern og informasjonskapsler (cookies)