NSD - Norsk senter for forskningsdata | NSD - Norsk senter for forskningsdata

Færre arbeider berre for pengane

Grafikk - Arbeid og penger

Færre enn før arbeider berre for pengane. Fleire ser på jobben sin som samfunnsnyttig.

Det går fram av ei ny intervjuundersøking frå NSD om arbeidsforhold og haldningar til arbeid.

I undersøkinga går det fram at færre enn før tenker på arbeid som «bare en måte å tjene penger på, ikke noe mer». Spørsmålet vart første gong stilt i 1989. Då var nær ein av fem (19 prosent) «helt enig» eller «enig» i denne påstanden. I dag er knapt halvparten så mange, ein av ti (8 prosent) av dei spurde, «enig» eller «sterkt enig» i at jobben berre er noko ein gjer for pengane.

Høg løn mindre viktig

Samstundes seier vesentleg færre enn før at høg lønn er viktig for korleis dei vurderer ein jobb. I dag ser seks av ti (60 prosent) på høg løn som viktig eller svært viktig. Både i 2005, 1997 og 1989 svarte rundt sju av ti det same.

Undersøkinga er gjort av NSD som del av den siste runden i International Social Survey Programme (ISSP). Spørsmåla vart stilt til 1550 norske respondentar i 2015.

Trur på samfunnsnytte

Medan høg løn betyr mindre, blir samfunnsnytte sett på som viktig av mange. På spørsmål om det er viktig at jobben er samfunnsnyttig svarar 68 prosent (i 2015) at det er viktig eller svært viktig. På dette punktet er haldningane relativt stabile, sett bort frå 1997 då 63 prosent uttrykte dette standpunktet.

I 2015 gir åtte av ti (78 prosent) uttrykk for at dei faktisk oppfattar jobben sin som samfunnsnyttig. Det er litt fleire enn i 2005 (76 prosent) og vesentleg fleire enn i 1997 (70 prosent) og 1989 (72 prosent).

Globalt perspektiv

– Tala kan tolkast som uttrykk for at arbeidet tar ein større plass i livet til fleire enn før – og at andre dimensjonar enn det å tene pengar er blitt viktigare. På den andre sida kan auken i reallønna til folk flest dei siste 10-15 åra ha ført til at folk er blitt mindre opptekne av denne dimensjonen ved arbeid, seier avdelingsdirektør hos NSD, Knut Kalgraff Skjåk.

ISSP gjennomfører undersøkingar i opptil 45 land og gir forskarar høve til å studere Noreg i eit globalt perspektiv med data heilt tilbake til 1980-talet og fram til i dag. Tema varierer frå år til år. Blant desse er undersøkingar om familie og kjønnsroller, nasjonal identitet, sosial ulikskap og religion. NSD står for gjennomføring av undersøkingane i Noreg.

Andre artikler

Kontakt

Knut Kalgraff Skjåk
Telefon: 55 58 32 46
knut.skjak@nsd.no

© NSD - Norsk senter for forskningsdata • Kontakt NSDWebredaktør: Njord V. SvendsenPersonvern og informasjonskapsler (cookies)