NSD - Norsk senter for forskningsdata | NSD - Norsk senter for forskningsdata

Frå Babylon til Google

IASSIST 2016: Gudmund Hernes

Data er kunnskap, kunnskap er makt, og i dag legg vi igjen spor av data i alt vi gjer.

Babylonarane gjorde det, dei gamle egyptarane, kinesarane og romarane gjorde det – dei samla data. Gudmund Hernes, forskar og professor, gjorde eit stort sveip i den første timen av IASSIST 2016, og minte om at makt og data er to tett forbundne storleikar:

I Babylonia 3800 år før Kristus samla babylonarane data om befolkning, husdyr og produksjon av smør, honning og ull. Mest kjent, referert i Bibelen som det er, er keisar Augustus’ krav i år null om at det skulle takast manntal over heile verda.

Kvifor?

- Arkivbygging er eit stjerneeksempel på regimebygging. Dei styrande er avhengig av informasjon av ulikt slag. For å kunne skattlegge, for å kunne ha militærteneste, for å kunne auke herskarens makt, sa Hernes.

Ordet arkiv, peikte Hernes på, skriv seg frå det greske Archeion, som har same rot som monarki.

Data og vitskap

Kontinuiteten frå Babylon til Internet er kanskje mindre enn vi tenker over.

Hernes tok dei 250 tilhøyrarane med på ei reise fram til i dag, via den moderne vitskapens fødsel. Vitskapelege klassikarar, som Thomas Malthus essay om befolkningslova og Emile Durkheims «Selvmordet», var begge basert på innsamling av data frå arkiv og nasjonale statistikkbyrå. Max Weber brukte survey, spørjeundersøking, som metode og data frå arkiv i sine arbeid.

– Gjennom å teste teoriane med bruk av empiriske data, auka ein kunnskapens makt, sa Hernes.

Data og Facebook

I dag er det ikkje berre statar som forvaltar data – og makt.

– Store selskap har ofte større kapasitet og er meir sofistikerte enn dei nasjonale statistikkbyråa.

Det gir gigantane, som Google og Facebook, stor makt. Samstundes opnar nettet for motmakt, peikte Hernes på, og trekte fram Panama Papers som det ferskaste eksempelet.

– Det skjer eit maktforskyving i den offentlege sfæren, sa Hernes.

Dermed var tonen sett for delegatane – dei digitale arkitektane som skal utstyre samfunnsforskarane med reiskap til å forstå dei store politiske og sosiale utfordringane i vår tid. Det kan vere immigrasjon, klima og eldrebølgje.

Og det kan vere data.

Andre artikler

© NSD - Norsk senter for forskningsdata • Kontakt NSDPersonvern og informasjonskapsler (cookies)