NSD - Norsk senter for forskningsdata | NSD - Norsk senter for forskningsdata

– Stort steg for forskingsdata

ESFRI

EU har peika ut landemerka for den framtidige forskingsinfrastrukturen. NSD er i to av dei.

Både ESS (European Social Survey) og CESSDA (Consortium of European Social Science Data Archives fekk nyleg status som ESFRI Landmarks. Begge er på lista over dei viktigaste forskingsinfrastrukturane i Europa på det nye vegkartet frå ESFRI (ESFRI Roadmap 2016).

– ESS, CESSDA og NSD er med dette i ein sentral posisjon i det felleseuropeiske arbeidet med å utvikle infrastruktur for utveksling og bruk av forskingsdata. Som ESFRI-landemerke tar vi eit stort steg fram, seier direktør i NSD, Bjørn Henrichsen.

Den internasjonale intervjuundersøkinga ESS blir tilrettelagt av NSD. NSD er norsk «service provider» for CESSDA, som har kontor i Bergen.

ESFRI (European Strategy Forum on Research Infrastructures) er eit samarbeidsforum for forskingsministeria i Europa, og har som oppgåve å koordinere og samordne den europeiske forskingsinfrastrukturen. Både EUs medlemsland og land som er assosierte medlemer av EUs forskingsprogram er med i ESFRI.

Vegkartet frå ESFRI er blitt oppdatert tre gonger sidan det først vart lansert i 2006 og dekker alle vitskapelege felt. ESFRI- landemerka (Landmarks) er infrastrukturar som er blitt starta i tidlegare stadium av ESFRI-vegkartet, som anerkjenner dei som dei fremste i Europa.

LES MEIR:

ESFRI Roadmap 2016 recognises CESSDA as a landmark in social and cultural innovation >>

Three SERISS research infrastructures become ESFRI Landmarks >>

CESSDA >>

European Social Survey >>

ESFRI >>

Andre artikler

Kontakt

Bjørn Henrichsen
bjorn.henrichsen@nsd.no

© NSD - Norsk senter for forskningsdata • Kontakt NSDPersonvern og informasjonskapsler (cookies)