NSD - Norsk senter for forskningsdata | NSD - Norsk senter for forskningsdata

Finnar trimmar mest

Graf som viser kor fysisk aktive folk er i ulike land

Nordmenn eit godt stykke ned på lista i europeisk intervjuundersøking.

I selskap med 15 andre europeiske land kjem nordmenn på 10. plass – målt etter kor mange dagar dei spurde var fysisk aktive gjennom den siste veka.

Det kjem frå i den nyleg publiserte 7. runden av den store europeiske samfunnsundersøkinga, European Social Survey (ESS) som i år mellom annan ser nærare på helse og haldningar til helse. Undersøkinga blir tilrettelagt av NSD. Deltakarane i undersøkinga er mellom anna blitt spurt om dei har drive med sport eller annan fysisk aktivitet dei siste sju dagane.

Etter danskar og svenskar

Resultata viser at finnane trimmar mest, og driv sport eller annan fysisk aktivitet i nesten 4 av 7 dagar (3,8 dagar). Nordmenn er i gjennomsnitt aktive 3,1 dagar i veka. Berre 11,3 prosent av finnane var ikkje fysisk aktive nokon av dei siste sju dagane før dei vart stilt spørsmålet. Nær dobbelt så mange nordmenn, 19,7 prosent, rapporterte at dei var heilt inaktive siste veka før dei var stilt spørsmålet.

Både danskar og svenskar ser ut til trimme meir enn nordmenn. Det same gjeld estlendarar, sveitsarar, hollendarar og tyskarar.

Minst fysisk aktive, målt i talet på aktive dagar, er dei i Frankrike. Franskmenn driv sport eller annan aktivitet 2,3 dagar i veka. Polen har størst del av personar som ikkje trimmar. Der gir 34,3 prosent uttrykk for null fysisk aktivitet. Det er litt fleire enn i Frankrike (33,3 prosent).

Kjønnsforskjellar

Internasjonalt er menn under 30 år meir aktive en kvinner under 30, men i Noreg er det omvendt: unge norske kvinner er meir aktive enn menn i same aldersgruppe.

Kvinner mellom 31 og 40 er mindre aktive enn både dei under 30 og gruppa mellom 41 og 55. Dette mønsteret er synleg både i Noreg og andre europeiske land.

Norske spørsmål

Professor ved NTNU, Terje Eikemo, har stått i spissen for forskargruppa som har utforma helsedelen av noverande runden av ESS. Det er første gong ein nordmann har leia ein del av undersøkinga. Respondentane er blitt stilt ei rad spørsmål om mangt, frå hudplager til diabetes, røyking og alkoholkonsum, i tillegg til fysisk aktivitet. Den 7. runden er publisert hausten 2015 og omfattar så langt 15 land. Resultat frå fleire land er venta våren 2016.

NSD i Bergen har ansvar for tilrettelegging, dokumentasjon, formidling og arkivering av data frå ESS.

– ESS er blitt ei viktig kjelde for forskarar i mange land, og hadde i fjor 12 000 brukarar frå heile verda, seier seksjonsleiar ved NSD, Kirstine Kolsrud.

Andre artikler

Kontakt

Njord V. Svendsen
Telefon 932 83 777
njord.svendsen@nsd.uib.no

© NSD - Norsk senter for forskningsdata • Kontakt NSDPersonvern og informasjonskapsler (cookies)