NSD - Norsk senter for forskningsdata | NSD - Norsk senter for forskningsdata

Nordmenn på allergitoppen

graf som viser at norge har flest allergikere

Ingen er meir allergiske enn nordmenn, viser ny europeisk undersøking.

Noreg er klart på topp i talet på personar som seier dei har hatt allergi i løpet av dei siste 12 månadene. Det er blant funna i den 7. runden av den internasjonale spørjeundersøkinga European Social Survey (ESS), som blir tilrettelagt av NSD.

Professor i sosiologi ved NTNU Terje Eikemo stod i spissen for den internasjonale forskargruppa som utvikla helsemodulen i ESS. Denne tar for seg helse og haldningar til helse blant innbyggarane i europeiske land. Deltakarane er blitt stilt ei rad spørsmål om mangt frå hudplager til diabetes, fysisk aktivitet, røyking og alkoholkonsum.

Irland minst allergisk

Ein av fem nordmenn (20,5 prosent) som er spurt i undersøkinga rapporterer om allergi dei siste 12 månadene. Deretter følgjer dei andre nordiske landa, Finland (17,2 prosent), Danmark (17 prosent) og Sverige (16,6 prosent). Tyskland følgjer deretter, der 16,3 prosent seier dei har hatt allergi.

I Slovenia og Polen er delen allergikarar halvparten så stor som i Noreg. I begge land seier kring 10 prosent av dei spurte at dei har vore allergiske.

Irland ser ut til å vere aller minst plaga med allergi: Der seier berre 5 av 100 (5,2 prosent) at dei har hatt allergi siste 12 månadene.

Når det gjeld andre helseproblem, som diabetes, muskelsmerter, hovudpine og blodtrykk er det små forskjellar mellom Noreg og dei andre landa i undersøkinga. Unntaket er spørsmålet om pusteproblem – også her ser nordmenn ut til å vere i europatoppen. 11,3 prosent svarar at dei har hatt denne typen plager. Det er ein desimal under Finland med 11,4 prosent.

Leia av nordmann

ESS er blitt gjennomført kvar andre år sidan 2002, og i alt 36 europeisk land har vore med. Den 7. runden er publisert hausten 2015 og omfattar så langt 15 land. Resultat frå fleire land er venta våren 2016.

– ESS er blitt ei viktig kjelde for forskarar. I 2014 blei 25 000 filer lasta ned frå 12 000 brukarar over heile verda, seier seksjonsleiar ved NSD, Kirstine Kolsrud.

Professor ved NTNU Terje Eikemo leia forskargruppa som utvikla helsespørsmåla i ESS.

Andre artikler

Kontakt

Njord V. Svendsen
Telefon: 932 83 777
njord.svendsen@nsd.no

© NSD - Norsk senter for forskningsdata • Kontakt NSDPersonvern og informasjonskapsler (cookies)