NSD - Norsk senter for forskningsdata | NSD - Norsk senter for forskningsdata

Færrast unge tolererer hån av religion

Grafikk som viser toleranse for hån av religion og rasisme

Elevar i vidaregåande er mindre tilbøyelege til å tole hån av religion enn folk i Noreg samla sett.

Det viser den ferske skulevalundersøkinga, som vart gjennomført av NSD i samband med årets skuleval. Elevar i vidaregåande skule og eit representativt utval vaksne, har kvar for seg delteke i undersøkingane. Dei er mellom anna blitt spurt om «ytringar som hånar religion bør tolererast» – og om «rasistiske ytringar bør tolererast».

Blant elevane svarar 24 prosent at dei enten er einige eller nokså einige i at ein bør tole ytringar som hånar religion. Blant dei vaksne stiller 30 prosent seg bak utsegna. Med andre ord ser dei vaksne ut til i større grad å akseptere slike ytringar.

Rasistiske ytringar

Skilnadene mellom folket og elevane er mindre i spørsmålet om rasistiske ytringar. Samstundes er det tydeleg langt mindre aksept for rasistiske ytringar enn det er for ytringar som hånar religion i begge grupper. Blant dei unge er 17 prosent einig eller nokså einig i at rasistiske ytringar må tolast, talet for den andre gruppa er 16 prosent.

Grafikk som viser toleranse for hån av religion

Haldningane varierer i takt med partipreferansane. Både blant elevar og dei vaksne er KrF-sympatisørar i minst grad einig i at hån mot religion kan tolererast. I begge grupper er FrP-sympatisørar i størst grad einig i utsegna.

30 000 elevar

30 787 elevar frå 139 skular svarte på spørsmåla i skulvalundersøkinga. Den nasjonale meiningsmålinga vart gjennomført av Sentio samstundes med skulevalet i eit representativt utval på 1000 personar. Dei to undersøkingane er blitt gjennomført i samband med alle skuleval sidan 1989. Skulevala blir arrangert av NSD på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

Kontaktperson NSD: Atle Jåstad
Telefon: 55 58 89 18
E-post: atle.jastad@nsd.no

Andre artikler

Kontakt

Atle Jåstad
Telefon: 55 58 89 18
atle.jastad@nsd.no

© NSD - Norsk senter for forskningsdata • Kontakt NSDWebredaktør: Njord V. SvendsenPersonvern og informasjonskapsler (cookies)