NSD - Norsk senter for forskningsdata | NSD - Norsk senter for forskningsdata

Kultur minst viktig for unge

Graf som viser viktigaste saksfelt

Elevar i vidaregåande ser på skule- og utdanningspolitikk som det viktigaste saksfeltet for partival. Kultur og idrett er minst viktig.

Det går fram av den ferske skulevalundersøkinga, som NSD gjennomførte i samband med årets skuleval. I undersøkinga blir elevane mellom anna bedne om å vurdere ulike saksfelt utifrå kor viktige dei er for valet av politisk parti.

Ikkje uventa er skule- og utdanningspolitikk på topp. Tett på ni av ti elevar kryssa av for skule- og utdanningspolitikk som «svært viktig» eller «nokså viktig» i undersøkinga. Deretter følgjer helse- og sosialpolitiske spørsmål: 83 prosent meiner dette er svært eller nokså viktig.

Kultur- og idrettspolitiske saker ser derimot ut til å ha langt mindre å seie for kva parti dei unge stemmer på. Knappe seks av ti (58 prosent) svarar at dette feltet er svært eller nokså viktig. Innvandringspolitikk er viktig for 70 prosent. Også miljøpolitikk – som er på nivå med innvandringspolitikk - blir rekna som mindre avgjerande enn både skule, helse og økonomisk politikk.

Graf som viser viktigaste saksfelt

Skulevalundersøkinga viser klare skilnader mellom kjønna. For alle saksområda har ein større del av jentene svart at saksfeltet er svært eller nokså viktig for partival. Størst skilnader er det på felta helse/sosial og klima/miljø. 91 prosent av jentene ser på helse- og sosialpolitikk som viktig for partival, berre 75 prosent av gutane. Med omsyn til klima- og miljøpolitikk, er saksfeltet sett på som viktig av 79 prosent av jentene, og av 64 prosent av gutane. Berre når det gjeld økonomisk politikk, er kjønna nokolunde samstemte.

På spørsmål om kva forhold som var viktigast for kva parti elevane stemte på i skulevalet, er tendensen klar: «Standpunkt i ei eller fleire politiske saker» betyr mest for nær halvparten (47 prosent) av elevane. Deretter følgjer «generelle haldningar til eit bestemt parti» (36 prosent) og «oppfatningar av ein bestemt politikar» (17 prosent).

Graf som viser viktigaste saksfelt

30 787 elever frå 139 skular svarte på spørsmåla i spørjeundersøkinga. Skulvalundersøkinga har blitt gjennomført i samband med alle nasjonale skuleval, sidan det første vart arrangert i 1989. Skulevalet blir arrangert av NSD på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

Andre artikler

Kontakt

Atle Jåstad
atle.jastad@nsd.uib.no
Telefon 55 58 89 18

© NSD - Norsk senter for forskningsdata • Kontakt NSDPersonvern og informasjonskapsler (cookies)