NSD - Norsk senter for forskningsdata | NSD - Norsk senter for forskningsdata

Sju av ti stolar på kvarandre

illustrasjon - grafikk

Fleire enn før trur dei fleste prøver å vere rettferdige. Sju av ti meiner dei fleste menneske er til å stole på.

Det viser ei ny spørjeundersøking frå NSD. Tala er basert på spørsmål om samfunnsdeltaking, stilt til 1500 nordmenn i 2014.

Deltakarane i undersøkinga tar blant anna stilling til spørsmål om kor ofte dei trur folk ville «forsøke å behandle deg rimelig og rettferdig». 73,4 meiner at andre vil «forsøke å behandle deg rimelig og rettferdig så å si hele tiden» eller «mesteparten av tiden». Det er vesentleg fleire enn ti år tidlegare, då tilsvarande tal var 63,7 prosent.

13,6 prosent meiner at andre vil utnytte deg «så å si hele tiden» eller mesteparten av tiden» om dei fekk sjansen. Det er færre enn i 2004, då 17,5 prosent svarte det same.

1 av 4: Kan ikkje vere forsiktig nok

I undersøkinga tar dei spurte blant anna stilling til spørsmålet om «de fleste mennesker er til å stole på» eller om ein tvert om «ikkje kan være forsiktig nok når en har med andre å gjøre».

73,3 prosent meiner menneske «nesten alltid» eller «stort sett» er til å stole på. Det er litt fleire enn sist spørsmålet vart stilt: I 2004 svarte 71,3 det same. Ein av fire (24 prosent) meiner at ein «aldri» eller «stort sett» ikkje kan vere «forsiktig nok». Det er på nivå, eller litt lågare enn i 2004.

Færre trur på korrupsjon

På spørsmål om korrupsjon i offentlege tenester i Noreg er tendensen sterkare tillit. Litt færre enn før trur «mange» eller «nesten alle» er involvert. I 2014 står 8,4 prosent for dette synet. I 2004 var tilsvarande tal 10,5 prosent.

– Det er grundig dokumentert at tilliten tradisjonelt er høg i det norske samfunnet. Denne undersøkinga ser ut til å stadfeste at det framleis er slik, seier avdelingsdirektør i NSD, Knut Kalgraff Skjåk.

Tala er henta frå den norske delen av den verdsomspennande spørjeundersøkinga International Social Survey Programme (ISSP) som blir gjennomført av NSD. Tal frå fleire av dei andre landa er venta våren 2016.

Sjå datasett:

Til å stole på vs forsiktig nok 2004 >>

Til å stole på vs forsiktig nok 2014 >>

Andre artikler

Kontakt

Knut Kalgraff Skjåk
Telefon: 55 58 32 46
knut.skjak@nsd.uib.no

© NSD - Norsk senter for forskningsdata • Kontakt NSDWebredaktør: Njord V. SvendsenPersonvern og informasjonskapsler (cookies)