NSD - Norsk senter for forskningsdata | NSD - Norsk senter for forskningsdata

Satsar stort på samfunnsforsking

illustrasjon - europakart - statistikk

EU satsar stort på å ruste opp infrastruktur for forskingsdata i møtet med store samfunnsutfordringar.

NSD representerer den norske deltakinga i det omfattande europeiske forskingsprosjektet SERISS (Synergies for Europe’s Research Infrastructures in the Social Sciences). SERISS blir offisielt starta opp med ei samling i London 21. september. Satsinga er del av EUs program for forsking og innovasjon, Horizon 2020, som har løyvt 8,4 millionar Euro (ca. 78 millionar kroner) til prosjektet.

Målet er å bryte ned barrierar for utveksling av forskingsdata og å utvikle nye former for datainnsamling i samfunnsforskinga.

– For NSD er dette eit viktig prosjekt. Gjennom SERISS styrkar vi vår rolle i det internasjonale samarbeidet. For norsk forsking betyr dette at tenestetilbodet vil bli meir omfattande i åra framover, seier direktør i NSD, Bjørn Henrichsen.

Målet med satsinga er å utvikle infrastruktur og samfunnsforsking som kan bidra til å løyse dei store utfordringane Europa står føre i dag. Blant dei er økonomiske og sosiale utfordringar knytt til arbeidsløyse blant unge, aldrande befolkning, flyktningar og klimaendringar.

Gjennom SERISS skal dei store europeiske survey-institusjonane jobbe saman. Blant dei er ESS (European Social Survey) med base ved University of London og arkiv hos NSD og SHARE (Survey for Health, Aging and Retirement in Europe) med base i München. Den samfunnsvitskapelege paraplyorganisasjonen, CESSDA (Consortium of Social Science Data Archives), med kontor i Bergen er ein sentral aktør i samarbeidet.

Press release from SERISS >>

Andre artikler

Kontakt

Bjørn Henrichsen
bjorn.henrichsen@nsd.uib.no
Tlf 55 58 21 18

© NSD - Norsk senter for forskningsdata • Kontakt NSDPersonvern og informasjonskapsler (cookies)