NSD - Norsk senter for forskningsdata | NSD - Norsk senter for forskningsdata

– Skulevalet er gullgruve for undervisning

Illustrasjon - Elever foran dataskjerm

Gjennom skulevalet produserer elevane store mengder data, ein stor fagleg ressurs for undervisninga resten av året.

Sidan 1989 har skulevala vore eit demokratisk laboratorium for elevar i vidaregåande skule og partia sine ungdomsorganisasjonar – i tillegg til å vere eit viktig barometer for sjølve valet.

– Alle data som kjem inn gjennom skulevala er tilgjengeleg for alle i ettertid. Dette er ei gullgruve for interesserte lærarar og elevar heile året, seier prosjektleiar Atle Jåstad hos NSD, som arrangerer dei nasjonale skulevala på oppdrag for Utdanningsdirektoratet.

Skulevalet 2015 vart arrangert i perioden 31. august til 8. september, kort tid før det ordinære kommune- og fylkestingsvalet.

Ungdom og vaksne

Data frå skulevalet kan brukast til alt frå å undersøke forholdet mellom ungdom og vaksne til arbeid med vitskapeleg metode.

– Datatilfanget er så stort at vi kan handsama problemstillingar frå mange ulike vinklar. Om vi ser på skule som eit eige sosialt miljø, kan vi kanskje forvente å finne skilnader frå skule til skule. På samfunnsveven.no kan ein samanlikne valresultata, og skilnader mellom skular elevane kjenner, kan ofte vera eit godt utgangspunkt for ordskifte.

Arrangerer kurs

I tillegg til sjølve valet, gjennomfører NSD parallelt ei valundersøking blant elevane.

– Kva har utdanning å seie for partival? Korleis er samanhengen mellom vala foreldra og barna deira gjer? Kva betyr inntekt for partival? Alt dette er spørsmål ein kan finne ut av gjennom å bruke data frå valundersøkinga. NSD arrangerer også kurs for skulane, seier Jåstad.

For meir om skulevala og valundersøkinga sjå samfunnsveven.no

For påmelding til kurs (minimum 10 deltakarar): samfunnsveven@nsd.uib.no

Andre artikler

Kontakt

Njord V. Svendsen
njord.svendsen@nsd.uib.no

© NSD - Norsk senter for forskningsdata • Kontakt NSDPersonvern og informasjonskapsler (cookies)