NSD - Norsk senter for forskningsdata | NSD - Norsk senter for forskningsdata

Klikk på kroppen

illustrasjon som viser klikkbart kroppskart

NSD har utvikla nytt verktøy som skal hjelpe forskarane å kartlegge smerte i befolkninga.

Det er den store Tromsøundersøkelsen (7. runde) som no skal ta i bruk eit klikkbart kroppskart.

– I realiteten er dette ein ny måte å gjennomføre spørjeundersøking på. I staden for å spørje respondenten kvar han har smerter, kan han klikke seg fram på dette kartet, seier seniorrådgivar hos NSD, Bjørn-Ole Johannesen.

Verktøyet er utvikla i samarbeid med Universitetet i Tromsø, Folkehelseinstituttet, Oslo Universitetssykehus og illustratøren Kari Toverud.

– Vi kan no få eit meir eintydig bilete av folks smerter. Sjølv om det primært er utvikla til ein befolkningsstudie, eignar det seg også godt til mange kliniske situasjonar og klinisk forsking, seier prosjektleiar i Tromsøundersøkelsen, Heidi Johansen.

Med kroppskartet kan pasienten, og respondenten, klikke seg fram til eksakte smertepunkt, for eksempel i tenner, hender eller føter.

Kroppskartet skal brukast i kombinasjon med andre data og tradisjonell spørjeundersøking for å kartlegge klinisk smerte. Til det brukar forskarane NSD Websurvey, eit system utvikla av NSD til innsamling av data via nettet.

Tromsøundersøkelsen er ei omfattande helseundersøking som omfattar meir enn 50 delprosjekt, der smertestudien – Tromsø Pain Study – er ein. Smerte er ifølgje forskarane blant våre største helseproblem med store konsekvensar for livskvalitet, søvn, psykisk helse, arbeidsevne og levealder.

Andre artikler

Kontakt

Bjørn-Ole Johannesen
Telefon: 55 58 26 99
bjorn-ole.johannesen@nsd.uib.no

© NSD - Norsk senter for forskningsdata • Kontakt NSDPersonvern og informasjonskapsler (cookies)