NSD - Norsk senter for forskningsdata | NSD - Norsk senter for forskningsdata

Stadig færre giftar seg i kyrkja

illustrasjon - få personer i kirken

I toppåret 2000 vigsla Den norske kyrkja meir enn 14 000 par. I fjor var talet 8000. Talet på utmeldingar var samstundes høgare enn nokon gong.

Det viser den oppdaterte statistikken frå NSD, som sidan 1998 har tilrettelagt statistikk for Den norske kyrkja på oppdrag for Kyrkjerådet.

Gradvis nedgang

Sidan 1990-talet har tala på vigslar gått gradvis ned. I åra kring tusenårsskiftet vigsla norske prestar ca. 12 000 par, med ein auke til vel 14 000 i 2000. I fjor vart 8006 ekteskap inngått i kyrkja, det lågaste talet sidan 1998. Også tala på dei fleste andre kyrkjelege handlingar syner ein nedgang i 2014. Færre gjekk til kyrkje og færre vart døypte.

Fleire til nattverd

Unntaka er talet på konfirmantar og deltakarar i nattverd og på julegudstenester. 40 253 vart konfirmerte i 2014, det er på nivå med året før. Tala på konfirmantar held seg relativt stabile over tid.

563 583 personar gjekk til julegudsteneste 2014. Det er fleire enn i dei to føregåande åra.

Dei siste åra har det vore ein liten, men jamn auke i talet på deltakarar i nattverd. I 2014 deltok 1 311 805 personar i nattverd, og det er det høgste talet som registrert sidan NSD byrja datainnsamlinga i 1998.

Homodebatt bak utmelding

I 2014 melde 11 003 personar seg ut av Den norske kyrkja. Det er ei dobling frå året før. Det høge talet kan truleg forklarast med bakgrunn i debatten på Kyrkjemøtet våren 2014 som omhandla vigslar og velsigning av lesbiske og homofile par.

Statistikk frå NSDs kyrkjedatabase 1998-2014

Andre artikler

Kontakt

Kristina Nicolaisen
kristina.nicolaisen@nsd.uib.no
Telefon: 55 58 39 51

© NSD - Norsk senter for forskningsdata • Kontakt NSDWebredaktør: Njord V. SvendsenPersonvern og informasjonskapsler (cookies)