NSD - Norsk senter for forskningsdata | NSD - Norsk senter for forskningsdata

Samarbeid sikrar forskingsdata

Riksarkivet og NSD samarbeider om å sikre tilgang til forskingsdata.

Eit formalisert samarbeid skal no sikre lagring og tilgang til forskingsdata frå den offentlege sektoren på ein endå betre måte enn før. Etter arkivlova skal forskingsdata som blir opparbeidd gjennom offentleg finansierte prosjekt leverast til Riksarkivet. Forskingsdata er opplysingar som blir nytta som kjelde i vitskapeleg forsking, som tal, tekst, lyd og bilete.

illustrasjonsbilde

No kan desse, ifølgje samarbeidsavtalen, lagrast hos NSD på vegne av Riksarkivet. Dermed kan denne vitskapelege «råvaren», som forskingsdata er, gjerast lettare tilgjengeleg for forskarar i framtida.

– Det er avgjerande at forskingsarkiv blir sikra for seinare bruk. På mange måtar kan ein kanskje seie at desse arkiva har ein særleg verdi. Dette fordi dei er resultatet av eit anna perspektiv på samfunnet, samt at dei har gjennomgått ein kvalitetssikra prosess. Riksarkivet er derfor stolt av å kunne bidra i sikringa av kjelder som kompletterer samfunnsbildet. Vi er opptatt av det vi kallar "samla samfunnsdokumentasjon", og samarbeidet med NSD passer godt inn i dette, seier riksarkivar Inga Bolstad.

Frå før er forskarar som finansierer prosjekt gjennom støtte frå Forskingsrådet forplikta til å deponere data hos NSD, for slik å sikre tilgang på denne kunnskapsressursen for forskarar i framtida.

– Samarbeidet styrkar arbeidet med langtidslagring av forskingsdata i Noreg. NSD vil kunne gi eit samla tilbod til forskarane og forskingsinstitusjonane. Samstundes kan forskingsmiljøa vere trygge på at denne viktige ressursen blir gjort tilgjengeleg for framtida, seier Bjørn Henrichsen, direktør ved NSD.

Andre artikler

Kontakt

Vigdis Kvalheim
vigdis.kvalheim@nsd.uib.no
Tlf 55 58 33 88

© NSD - Norsk senter for forskningsdata • Kontakt NSDWebredaktør: Njord V. SvendsenPersonvern og informasjonskapsler (cookies)